Av Ivar Teigum

Pergamentrullen var nærmast urøyvd av musetenner saman med nokre andre skinnremser med tekst. Utrulla var pergamentet 50 x 16,5 cm. Teksten var på latin, og der var noteteikn. Kunne dette vera det eldste dokumentet vi har frå bygdene i Ottadalen?

Kva er eit dokument?

Og kva er forresten eit dokument? Kan vi til dømes rekne med runepinnen som fanst under golvet i Lomskyrkja? Håvard sender ein runepinne til Gudny og spør om dei kan vera saman dersom ho ikkje lengre er med Kolbein. Og kva med myntfunna frå den same utgravinga i Lomskyrkja? Dei inneheld også skriftlege meldingar. Meir vanleg er det likevel å oppfatte dokument som eit stykke papir med skrift, eller som i mellomalderen eit stykke pergament av fint skinn. Samstundes er ei nedskriven melding del av ein gjenstand med ein eigenverdi.

Thomas Becket

Thomas Becket var erkebiskop i Canterbury frå 1162. Femte juledagen i 1170 vart han myrda av kongens baronar framfor høgaltaret i katedralen. Konflikten som låg til grunn, galdt mellom anna spørsmålet om kyrkja skulle ha sine eigne domstolar. Kring ei slik dramatisk hending følgde det straks forventingar om mirakel og uforklarlege ting, og slikt vart raskt skrive ned av nærverande munkar og mirakelsamlarar. Da det leid til påske, vart grava opna med mykje folk til stades. Og da tok historiene verkeleg til å myldre. På 1800-talet vart alt skrive materiale om sankt Thomas samla i eit bokverk på sju bind. Der var ikkje pergamentrullen frå Lom med. Det skulle gå enda eit hundreår før han kom opp frå mørkret under kyrkjegolvet der.

Europeiske storbyar - og Lom

Knapt var erkebiskopen gravlagd ved nyttår 1171 før ein hymne vart skriven til hans pris der han vart likna med kjende personar frå Det gamle testamentet som Abel, Jakop og Josef, og der dei første mirakla vart behandla i poetisk form. Fem avskrifter var kjende før funnet i Lom. Dei finst i tekstsamlingar omkring i europeiske bibliotek, to i Paris, to i Wien og ei i Italia. To versjonar er frå 1200-talet, dei andre frå 1400-talet.

Ingen Thomas-kultus

Lom stavkirke forteller er eit særtrykk av årboka for Norsk fortidsminneforening i 1978. Der er Thomashymnen frå Lom analysert både tekstleg og musikalsk. Avskrifta er mellom dei eldste, frå før 1250. Historikaren Lilli Gjerløw har analysert teksten og har samanlikna med dei andre variantane. Dertil har ho jamført med dei aktuelle beretningane i bibelen og i mirakelsamlingane. Nokon Thomas-kultus kjenner vi ikkje til frå Nord-Gudbrandsdalen. Det næraste vi kjem, er vel Tomaskyrkja på Fillefjell. Ho var knytt til ein marknadsplass på fjellet mellom Valdres og Lærdal. Dit reiste folk også frå Ottadalen heilt til om lag 1800 da kyrkja vart riven.

Vegen til Lom ikkje så lang

Det er ikkje sagt at Thomashymnen kom til Lom på 1200-talet eller at han var nytta der. Men vegen til Lom treng ikkje ha vore så lang. Domkyrkja i Hamar hadde ei stor voksterperiode på 1200-talet, og fleire prestar i Lom var knytte til altar i domkyrkja. Det borgar både for lærdom og inntekter i den katolske tida. Prosesjonar og liturgisk song var ein viktig del av den kyrkjelege verksemda.

Konsentrert

Utforminga av dei 16 strofane i hymnen er svært konsentrerte. Kvar line er delt i to med fire pluss seks stavingar. Kvar strofe er på fire og ei halv line. Ord og rytme er sangbare. Den første lina på latin lyder slik: «Aquas plenas / amaritudine» Ei tolking av heile første strofen på norsk slik eg har freista, kan sjå slik ut:

Tåreregnet / skjenkt av den bitre sorg

Det friske salt / oss til glede og kveik

Fylte krukke / av den giftige urt

Det friske mjøl / legedom gjev på nytt

I overflod

Han som skreiv og dei som song, kunne sin bibel. For den første strofen viser Lille Gjerløw til profeten Elisja i Andre kongeboka i Det gamle testamentet. Den første lina viser til sorga over drapet. Dei neste linene gjev døme på forsoning, saltet som reinsar det usunne vatnet. Ein giftig urt i drikkevatnet blir nøytralisert av kornet som blir tilført og gjev legedom i overflod.

Eldste daterbare

Som gjenstand er pergamentet med Thomashymnen det eldste vi har av daterbar skrift i Ottadalen. Vegen frå Canterbury, kan hende gjennom fleire avskrivingar, er ikkje lengre enn åtti år. Teksten handlar ikkje om oss direkte, men det er ikkje ulovleg å forestille seg at hymnen kan ha vore nytta av prestar under bispevisitasar frå Hamar til fjellbygdene i Ottadalen.

Thomassekvensen på 16 vers blir avslutta på sigerrikt vis:

Sjøfarar stor / i det mystiske skip

Til vår Thomas / lovprisingar og song

Rop til kongen / uttrykt i storfelt bøn

og til Herren / ei bøn til takkseiing

Til vårt beste / Amen