Torstein Olsen Oppnåsen var fødd i 1829, og døydde for 100 år sidan i 1918. Far hans, Ola Tostenson, vart i 1815 stemna for forlikskommisjonen for å ha rydda plassen Uppnåse i Skjåk utan lov frå almenninga. Han fekk behalde plassen mot å inngå husmannskontrakt som mellom anna innebar åtte dagars årleg pilktarbeid.

Husmannssonen Tosten budde store delar av livet på ulike plassar på Øvergrend i Lom, husmannsplassar under Stamstad og andre gardar i nærleiken.

Nordgard Stamstad og grannegarden Synstad var også lensmannsgardar på 1800-talet, og Tosten skulle stifte kjennskap til dei som det også.

Han livnærte seg som åkerbrotar, grøftegravar og anna handmaktsarbeid, men fekk tidleg ord på seg for å vera ein byting og tjuvradd. Det syner rettsprotokollar frå tida han levde.

Samstundes var han visstnok ein god historieforteljar og skrønemakar. Han er for eksempel for all tid «bokførd» som ein av dei meir utemde i Olav Aukrusts dikt «Aksion på Tande»:

«...og Musken rein, og ’n Raud-Hans hua,

og det vart riving

og hogg og hiving,

og Muskeguten seig ende ned,

og Nygjordsvetlen sa: ”Hvil i fred.”»

Tosten var kalla både Musken og Brisken, det fyrste etter hamleten - det siste etter faktene og skrytinga.

Utsjånaden hans kan nok ha vore opphavet til Aukrusts «svartøygd tater frå nørdst i Skjåk».

Olav T. Kvaale, som kjende Tosten, og seinare skreiv ein artikkel om han, gjev denne karakteristikken av honom:

«Muske-Tosten var flink til å skryte, betre til å skrøne, låkare til å stela og låkast til å koma frå det».

– Oss lyg og stel alt for lite aille samen, sa Tosten sjølv.

«Tosten sat ofte inne for for tjuveriet sitt», skriv Kvaale.

Det som sikkert er, var at han i 1853 vart dømd til fire år og ein månad straffarbeid i Christiania for fleire tjuveri. Da var han 24 år og budde ennå i Skjåk.

Saman med ein trollkunnig kar, som vart kalla Asbjør-Sylfest, og ein tredje skjåkvær vart han teken for eit innbrot på Bøje. Han hadde òg brote seg inn på fleire setrer i bygda, for nasking i Lindsheim og for å ha stole neper frå ein åker på Skjåkøygarden.

Etter at han hadde sona straffa si, er det ikkje noko som tyder på at han slo seg ned att i Skjåk.

Tosten var gift to gonger, og saman med familien sin flytta han mykje rundt, og han vart i folketeljingar tittulert som innerst, dagarbeidar eller jordarbeidar.

På sine gamle dagar vart han sambuar med ei enkje.

– Du trøyng da ’kje kvinnfolk du som er så gamal, sa mor til Kvaale ein gong.

– Veit du ’kje det da, at gamlaste bukkein har stivaste høynne, sa’n Tosten, i fylgje Kvaale.

Om skrøninga til Muske-Tosten kan Kvaale fortelja:

«Det var engang på Molde det blåste ned fjorten stabbur, og jeg og Olea min kone gikk og hentet pølser i 14 dage».

Tosten likte visst å knote etter opphaldet i Christiania og andre stader han skulle ha vore, difor vart det hermt etter honom på «riksmål».

Han skulle ha vore på Lofot-fiske òg. Der fortalde han at han opplevde bølgjetoppar så store som Loms-eggen.

Muske-Tosten var samtidig med mellom anna Fel-Jakup. Dei høyrde til det same sosiale sjiktet og var ute på eit og anna sprellet saman. Ein annan av same stand var Småtte-Jo. Tosten sat i arresten på Synstad saman med Jo ved eitt høve.

Torstein Olsen Oppnåsen var noko til kar. Hadde han ikkje vore med på «ståk» sjølv, kunne han spørja: «Slost døm bra der?»

Han hadde i fylgje Kvaale ei mjuk side òg: «Da mor hans anda ut (fortalde Tosten), flaug det ein blå fugl opp. Han sa det så vakkert og mildt».

Kjelder:

Kvaale: Gamalt frå Lom

Lokalhistoriewiki.no