På sjølvaste nasjonaldagen 17. mai vart Vikersund tildelt VM i skiflyging i 2022. Dette vart klart under FIS-kongressen i Costa Navarino i Hellas. Det er femte gong at Vikersund står som arrangør av VM i skiflyging.

Med på laget i Hellas var Lisa og Leif Skiaker frå Breheimen Mat som stod for serveringa på standen til Vikersund under FIS-kongressen.

Breheimen Mat har all matservering i arenaen i Vikersund, og var invitert med til Hellas for å profilere arrangøren og Noreg med norsk mat.

- Eit artig oppdrag å få, seier Leif Skiaker på telefon frå Hellas.

Han fortel at det var 1100-1200 delegatar  frå hundre land på kongressen.

- Vi serverte spekepølse, speka elgfilet, flattbrød og ost frå Avdem på Lesja. Enkel mat som fell i smak. Konseptet til Vikersund er at det skal vere enkelt, seier Skiaker.

Han fortel at ein delegasjon frå Mongolia likte svært godt elgfileten frå Skjåk.

Leif Skiaker set pris på at dei blir invitert med til Hellas av Vikersund-arrangøren.

Neste store arrangement for Breheimen Mat er Holmenkollen skishow torsdag 14. juni der våre største skiheltar skal vise krefter skal vise krefter på rulleski.

- Her skal vi stå for varmmaten, seier Leif Skiaker.