Eliteracet vart arrangert for fyrste gong på Bjorli Motorsenter i 2017.

- Løpet vart ein suksess og vi ynskte difor at dette løpet skal bli ein årleg tradisjon på Bjorli, seier vagværen Anders Kongsrud, leiar i NMK Nord-Gudbrandsdal.

I fjor stilte 130 førarar til start og nesten 2000 betalende publikummere tok turen til motorsenteret på Bjorli.

Laurdag stiller 142 påmeldte førarar på startstreken, fordelt på tre klasser; junior, senior og damer. Fleire lokale deltakarar står på startstreken.

For å kunne delta i løpet må førarane vise til topplassering på utvalde løp året før.

Kun dei beste førarane i landet får delta.

- Det er spådd finvêr i helga, så vi garanterer topp stemning og mykje action på Bjorli Motorsenter, seier Anders Kongsrud.

Anders Kongsrud lovar mykje action under bilcrossløpet laurdag. Foto: arkiv