Emma Forreløkken Hovland (snart 15 år), går i 9. klasse ved Skjåk ungdomsskule. Ho ser fram til å reise til Spania på handballcup med resten av J14-laget.

Kva er mest spennande med Skjåk?

– Naturen. Skjåk har mykje fin natur. Lundadalen er den finaste plassen. Dit reiser eg så ofte eg har høve.

Kva manglar Skjåk?

– Eg saknar eigentleg ingenting her. Skjåk har alt eg treng og da er eg tilfreds.

Kva brukar du mest tid på?

– Fritidsaktivitetar. Eg spelar handball. Vanlegvis har vi trening to dagar i veka, men nå trener vi berre éin dag, for nå er vi ferdige med kampane. Elles går det med ein del tid til hest gjennom familiebedrifta «Fjelleventyret».

Frå kva alder definerast ein person som «gamal»?

– Når ein er over 60 år byrjar ein å bli gamal. Både på utsjånad og det at ein kanskje byrjar å bli i litt dårlegare fysisk form.

Kva vil du bli?

– Eg har lyst til å bli kiropraktor eller naturforvaltar. Båe desse yrkene verkar interessante. Eg likar å vera saman med folk.

Kva er det beste med å vera ung?

– At ein ikkje har like mykje ansvar som dei vaksne.

Kva er det verste med å vera ung?

– Kanskje at ein ikkje får bestemme like mykje over seg sjølv for foreldra. Men eg trivst ganske godt som ung.

Kva er du redd for?

– Å miste nokon av dei eg er glad i.

Kva må til for at unge skal lese meir papiravis?

– Interessante artiklar som kanskje fenger oss ungdom. Det er vanskeleg å seie kva som fenger oss, for alle er så ulike, og har kvar sine interesser. Men eg les papiravis, og tykkjer faktisk det er betre å lesa nyheiter på papir enn på ein skjerm.

Blir du verande i Skjåk?

– Ja, forhåpentlegvis. Eg trivst godt i Skjåk. Her er det godt og roleg. Eg er ikkje noko spesielt glad i bylivet.

Kva er favorittappen på mobiltelefonen din?

– Det er Snapchat. Det blir ein del «snap» i løpet av dagen.

Kva forhold har du til Facebook?

– Eg er ikkje så aktiv der, men er inne og sjekkar. Akkurat Facebook kunne eg faktisk greidd meg utan, for eg har ikkje noko spesielt forhold til Facebook. Det er svært sjeldan eg legg ut noko sjølv.

Kva gjer deg trist?

– Å miste nokon som står meg nær er alltid trist.

Om du fekk vera ordførar ei veke, kva ville du gjere da?

– Da ville eg ha slappa av den veka, for eg trur faktisk ikkje eg ville ha gjort så mykje. Det er bra slik det er i Skjåk.

Heilt ærleg, kva tykkjer du om Skjåk?

– Eg tykkjer det er ein fin plass med mange moglegheiter for folk i alle aldrar.

Korleis er dagens ungdom samanlikna med ungdomstida til foreldra dine?

– I ungdomstida til foreldra mine var dei nok meir sosiale. Da måtte dei møtast for å prate med kvarandre. Nå sit vi heller heime og «snappar» med kvarandre. Vi er mindre sosiale.

Kva er din største draum?

– At eg får ei bra utdanning.

Kva vil du helst unngå å prate om?

– Eg kan prate om det meste.

Kor ofte sjekkar du mobiltelefonen?

– Ganske ofte. Eigentleg litt for ofte, når eg tenkjer meg om. Eg er nok avhengig, og det er ikkje bra. Men slik er det nok med fleire. Det er lett å bli avhengig.

Om du vann 1 million kroner. Kva ville du bruke pengane på?

– Da ville eg ha spara dei til eg hadde fått bruk for dei seinare.

Tre ord om deg sjølv?

– Blid, omsorgsfull og friluftsmenneske.

Kva gjer du om 10 år?

– Da er eg anten ferdig utdanna eller held på med utdanning. Forhåpentlegvis bur eg i Skjåk.

Kva er det viktigaste i livet?

– Det er at ein alltid har einkvan rundt seg av vener og familie, og at dei er der når ein treng dei.

Skal du jobbe i sommar?

– Ja, eg skal jobbe på YX, og vera guide i «Fjelleventyret».