Det seier ein imponert trenar Guro Gudbrandsen Einbu, etter at Skjåk J14 vart avdelingsmeistrar, og i tillegg tok andreplass i sluttpelet denne sesongen.

Handballturnering i Spania

Den 25. juni reiser jentene til Spania for å delta på handballcupen Grannolers. Dette er den største turneringa i Europa, og ein av verdas største, der så unge handballspelarar får delta. Godt over 4.000 handballspelarar frå mange ulike nasjonar er samla under den årlege cupen.

– Dette blir stort for jentene å få vera med på, seier Guro Gudbrandsen Einbu.

Tidlegare har berre to skjåklag vore med på utanlandsturneringar i handball, så det er ikkje noko sjølvfylgje at ein får reise på ei slik turnering. Det er halvanna år sidan J14-laget vart meldt på turneringa, etter oppmoding frå handballtrenar Arnt Aurmo, som tykte jentene var så gode at dei fortente å få vera med på ein utanlandscup.

Stor dugnadsinnsats

For eitt år sidan starta jobben med å få inn pengar til å finansiere Spania-turen. Turen har nemleg ein prislapp på 200.000 kroner, og korkje handballstyret eller idrettsstyret har økonomi og moglegheit til å støtte ein slik tur. Foreldregruppa fortel at det har vore eit tøft dugnadsår for dei 13 handballjentene på 14-årslaget.

– Vi har fått noko pengestøtte, men elles har pengane kome inn i form av dugnadsjobbing. Jentene har gjort alt frå å teke på seg vasking og beising, til å ha selt sokkar og hatt lotteri, seier Hanne Forreløkken i foreldregruppa.

Takkar sponsorane

Saman med økonomisjef Torill Kvarberg, og jentene sjølve, ynskjer ho å rette ein stor takk til alle som har bidrege med anten pengar eller anna, slik at jentene får realisert turen.

– Det er utruleg mange som har bidrege, og alle fortener ein stor takk, seier Torill Kvarberg.

Ho legg til at om det er einkvan som framleis ynskjer å kome med ei støtte til jentene, så kan dei ta kontakt.

Nyleg fekk J14 utdelt flotte handballdrakter med det norske flagget på, og «Norge» på ryggen. Drakta skal dei bruke under handballcupen i Spania i juni, for å synleggjera kvar dei kjem i frå og kva land dei representerer.