Anne-Lise Marstein melde seg inn i Lom Ap i 1994, same år ho flytta til Lom. Ho såg på innmeldinga som eit integreringstiltak, nærast – ein måte å bli kjent med andre på. Ho var trygg på at ho høyrde heime i Arbeidarpartiet, men elles visste ho ikkje så mykje om politikk. Ho hadde heller inga erfaring i så måte.

Inn i kommunestyret i 1999

– Eg vart teke imot med opne armar. Naiv som eg var tenkte eg at eg var ynskt i partiet og at eg faktisk hadde noko å bidra med. Eg skjønte ikkje at partiet sleit med rekruttering, ler Anne-Lise Marstein.

Ho presiserer at dei fleste i partiet tok ho godt imot, men ho merka godt at den same respekten frå leiinga i partiet ikkje var der.

Marstein fekk mykje ansvar, blant anna fekk ho oppgåva med å arrangere 1. mai-markeringa på fjellmuseumet. Det vart inga god oppleving. Ho hadde ingen til å hjelpe seg og ho visste ikkje kva ho skulle gjera eller seia – men ho kom seg gjennom det.

I 1999 vart ho valt inn i kommunestyret. Ho har òg stilt som ordførarkandidat for Lom Ap tre gonger, utan å lykkast. Dei siste to periodene har Marstein vore varaordførar.

– Påkjenninga er for stor

– I fyrste del av serien i Fjuken, om hersketeknikkar i lokalpolitikken, fortalde Mai Bakken at ho vart fortalt av ein mannleg politikar at Lom ikkje var klare for kvinneleg ordførar. Det er nok rett. Lom er ikkje klare for kvinneleg ordførar - og i alle fall ikkje meg, seier Anne-Lise Marstein og ler godt.

Eit fjerde forsøk er uaktuelt. Påkjenninga er for stor, det er svært mykje arbeid og ansvar - og press.

Press, ja. Anne-Lise Marstein har opplevd mykje. Det meste av det vil ho la liggje. Om ho har fått tilsendt penis-bilde på sms? Det har ho. Ho har fått mange sms-ar opp gjennom åra, med ulike bodskap og ytringar. Mykje ufint, rett og slett.

– Men eg vil ikkje gå i detaljar når det gjeld sms-meldingane, det får vera. Det eg hugsar aller best er debatten, presset og reaksjonane eg fekk i samband med nedlegginga av Odda skule i Bøverdalen. Eg meinte det var rett å leggje ned Odda skule. Dei aller fleste i Bøverdalen meinte eg skulle stå på alt eg kunne for å behalde skulen, men eg gjorde det motsette. Eg argumenterte for nedlegging, og heile familien min måtte bera konsekvensane av det. Folk helsa ikkje, det var total utestenging. Jentene mine måtte betale ein dyr pris for at eg var lokalpolitikar, og det er eg enormt lei meg for den dag i dag. Det må vera rom for, slik Kari Anne Skjaak sa i siste Fjuken, at ein faktisk har eigne meiningar – og at ein gjev uttrykk for dei. Eg meinte det var rett å leggje ned Odda skule, og da var eg ikkje i stand til å argumentere for noko anna. Etter det endelege vedtaket i kommunestyret... Vel, det var ei tøff tid. Dersom blikk kunne drepa, hadde eg vore stein dau, rett og slett.

Frå an’stan

Da Anne Lise Marstein stilte som ordførarkandidat i 2007, fekk ho servert frå ein medpolitikar at ho eigentleg ikkje hadde noko å seia i lomspolitikken, «ettersom du kjem frå an’stan».

– Eg svara at eg faktisk vart fødd på Lom helseheim, og da vart det ikkje sagt meir. Men triveleg var det ikkje.

Triveleg var det heller ikkje da Anne-Lise Marstein stod på stand i Bergomsgarden i samband med valet same år. Kjersti Stenseng frå partikontoret var òg med.

– Det kom ei dame på om lag 70 år bort til standen vår, og Sigrun Garmo sa til henne: «Vil du helse på toppdamene våre? Dette blir vel bra?». Dama såg lenge på meg. Ho sa ingenting. Så tok ho til å riste på hovudet. Sjølvsagt er det slikt ein må takle, men eg skulle ynskje vi hadde vore litt snillare for kvarandre. Eg ser på meg sjølv som ein sterk person, men eg er også følsom.

Ein skal ha sterk rygg for å kunne stå for eigne meiningar i lokalpolitikken, meiner Anne-Lise Marstein.

– Vi må alltid tenkje heilskap

– Eg kjende meg så att i det Kari Anne Skjaak sa i siste Fjuken, nemleg at politikken som skal førast gjerne blir bestemt i lukka rom, av svært få personar. Kvinner i politikken? Jau da, dei er velkomne, men somme gonger berre som det kvinnelege alibiet på lista. Det er ikkje meininga at ein skal ha eigne meiningar, og i alle fall ikkje meiningar som går på tvers av det dei som vil bestemme meiner. Da ber du om trøbbel. Eg meiner det er heilt naudsynt å ha både kvinnelege og mannlege røyster i politikken, og det er svært viktig at vi har personar frå alle samfunnslag. Vi må alltid tenkje heilskap. For å vera med i lokalpolitikken må ein orke å stå i tøffe kampar. Det er svært viktig, meiner eg, å ta med seg dei positive sidene, i alle fall dersom ein skal vera ein del av lokalpolitikken over tid.

– Ei stor påkjenning

Anne-Lise Marstein seier ho taklar godt å få motstand, få motargument og få kritikk – så lenge ho får høve til å seia det ho meiner og forklare kvifor ho meiner som ho gjer.

– Det eg ikkje taklar så godt, er den totale teiinga. At folk ikkje helsar, ikkje svarar, behandlar meg som luft. Det er ei stor påkjenning. I skulesaka merka eg det godt, faktisk mange år etterpå. I slike tilfelle kan ein nesten bli paranoid. Det er verkeleg tøft, men eg greier som sagt ikkje å argumentere for noko eg ikkje meiner. Eg har vore tru mot meg sjølv og mi røyst i politikken. Somme gonger føler eg meg svært annleis, og eg trur mange oppfattar meg som arrogant. Da blir eg lei meg, for det er eg absolutt ikkje, men det kan hende kroppsspråket mitt er ein slags måte å beskytte meg sjølv på. At eg held folk litt på avstand, om du forstår. Det kan bli litt einsamt.

– Eit heilt anna samhald

– Er presset, hersketeknikkane og attendemeldingane verre i lokalpolitikken enn til dømes på fylkesnivå, som du òg har erfaring frå?

– Eg vikarierte som heiltidspolitikar frå desember 2015 til august 2016, i fylkespolitikken. Der - og på fylkestinget generelt - opplevde eg eit heilt anna samhald og ein heilt anna respekt. Visst kunne vi vera usamde i sak, men eg opplevde aldri personangrep eller total tagnad – eller andre reaksjonar eg ikkje forstod meg på. Det var fleire som kommenterte at dei såg at eg treivst godt, og det hadde dei rett i. Eg stortreivst.

– Eg kjende panikken koma

Presset i lokalpolitikken kan bli for stort. Det merka Anne-Lise Marstein i siste kommunestyremøte. Som fungerande ordførar skulle ho leie møtet. Ho hadde førebudd seg godt.

– Kommunestyret gjekk føre seg om kvelden. Eg hadde ein tøff dag som fungerande ordførar. Det var mange ting som skjedde og eg vart utsett for eit angrep eg ikkje vil gå i detaljar på, men som var ei stor påkjenning. Midt i kommunestyremøtet svartna liksom alt, eg greidde ikkje å tenkje. Det var heilt tomt. Eg kjende panikken koma, eg skulle jo leie møtet. Eg tenkte på korleis eg skulle orke å møte folk etter dette. Eg har alltid vore oppteken av å takle oppgåvene eg får på ein god måte, og eg var så fortvila over at eg ikkje greidde det. I sideblikket merka eg at somme i kommunestyret flirte og sende sms-ar til kvarandre. Heldigvis greidde eg å ta meg inn att, i alle fall slik nokolunde. Da eg kom heim, sende eg sms-ar til tre av dei personane eg har størst tillit til. Eg vil ikkje kalle det sms-ar, forresten – eg kan kalle det sos-ar. Heldigvis fekk eg svar frå alle tre, så gode og støttande at eg greidde å halde meg flytande. Eg kjende på: Kva er det eg driv med? Eg er enormt glad for at det snart er slutt.

– Ein må oppføre seg som folk

– Men, det er viktig for meg å seia dette: Eg har opplevd svært mykje gledeleg i lokalpolitikken òg, ikkje minst i møte med alle menneska. Desse møta – og lærdomen eg har fått både av menneska og politikken - vil eg heilt sikkert få nytte av resten av livet. Det har vore spennande å vera med på å utforme ein heilskapleg politikk, så stutt sagt: Eg har hatt mange gode dagar òg, det skal det ikkje vera tvil om. Poenget med at eg stiller opp for å fortelja dette, er at eg vil gjera folk merksame på at det faktisk foregår litt av kvart i lokalpolitikken. Det finst hersketeknikkar, press, det finst sterke enkeltpolitikarar og små grupper som helst vil bestemme alt, det er i det heile ingen dans på roser. Oppmodinga mi til ungdom og kvinner er: Still på ei av vallistene, men ta vare på kvarandre og ha respekt for enkeltindividet. Ein må oppføre seg som folk og ein må lære seg å skilja sak og person. Det gjeld ikkje berre politikarar, men alle andre i bygdene våre. Er du ueinig i vedtak som blir fatta: Diskuter sak, ikkje angrip enkeltpolitikarar. Det er mi oppmoding, avsluttar Anne-Lise Marstein.