Vi i Fjuken ynskjer også i år å ha med dykk lesarane på laget når vi skal lage reportasje frå nasjonaldagen.

Send oss dei beste 17. maibileta dine.

Vi treng glimt frå krikar og krokar i Lom, Skjåk og Vågå. Bilete av blide born, russ, 17. maitog og musikantar.

Dessutan vil vi gjerne sjå glimt frå dølar si feiring i det ganske land og kanskje også utland…

Hugs å namne bileta dine med kven ein ser og kvar biletet er tatt. Snu gjerne mobiltelefonen og ta bilde i breiddeformat.

Fjuken gler seg til å sjå og presentere mange gode blinkskot.

Send bileta til redaksjon@fjuken.no