Den 13. juli 1821 gav Karl Johan sin sanksjon til eit stortingsvedtak om eit norsk handelsflagg. I moderne tid har alle nasjonar fått sitt eige flagg. Flagga har vorte nasjonane sitt fremste kjenneteikn.

Da Noreg gjekk inn i union med Sverige i 1814, fekk landet rett til eit eige handelsflagg Orlogsflagget derimot, skulle vere eit unionsflagg. I dei fyrste åra førte norske handelsskip likevel anten det danske flagget med ei norsk løve eller det svenske flagget med dei danske fargene i øvre felt mot stanga.

I 1821 starta nokre forretningsmenn frå Stavanger ei kampanje for eit nytt norsk flagg. Ein prosess kom i gang, og mange engasjerte seg. Stortinget sette ned ein komité for å arbeide med saka og etter ei grundig behandling, vart eit utkast til flagg frå Bergensrepresentanten Fredrik Melzer vedtatt 17. mai 1821.

Han grunngav forslaget sitt med at det nye flagget burde ha fridommens fargar: raudt, kvitt og blått, men elles ei mest mogleg tradisjonell utforming.

Forslaget vart oversendt Kongen. Regjeringa gjekk inn for sanksjon, men kongen ynskte å ta nokre forbehald.

I resolusjonsteksta datert 13. juli 1821 på Stockholm Slott innvilga han kravet, men gjorde det samstundes klart at han med ein slik sanksjon, ikkje gav Stortinget nokon konstitusjonell rett til å bestemme korleis det nasjonale flagget skulle vere.

Ettersom Kongen var øverstkommanderande for hær og flåte meinte han dette låg innanfor hans myndigheitsområde. Stortingets forslag med Kongens godkjenning: «Gillas» vart lagt ved resolusjonsteksta. Med dette fekk Noreg sitt eige nasjonale flagg.

Det går også fram av teksta at protokollen er ført i statsråd for Hans Majestet Kongen. Tilstades var statsrådane Collett og Fasting. Med Hans Majestets løyve var statsministeren bortreist. Kongen varsla at han i eit særskild reskript ville gje nærare beskjed om kva farvatn flagget kunne brukast i.

Protokollen vart underteikna med: Expederet Carl Johan.

Under signerte statsråd Johan Collett på regjeringa si vegne i statsministeren sitt fråvær.

Resolusjonen er på i alt sju sider, seks tekstsider og ein akvarell med Melzers flaggforslag. Den er bunde inn i ein protokoll saman med dei andre resolusjonane frå andre halvår i 1821.

Saka er publisert på Riksarkivet.