AV KARI MARGOT ODNES

I oktober 2009 kom Saleh Omer Mohammed og Afaf Abak Idris Adam til Noreg. Da hadde dei endeleg klart å rømme til nabolandet Sudan, og sett seg på flyet til Noreg. Etter ein tøff oppvekst i eit land med mykje krig ville dei vekk. Afaf var 25 år og høggravid, Saleh var 30 år.

- Vi kjende oss ikkje trygge i landet. Bombefly frå Etiopia kunne fare over hovudet på oss når som helst, fortel ein alvorleg Saleh.

Asylmottak

Da paret kom til Oslo måtte dei gjennom intervjuar og ordne papir. Dette tok nokre veker. Medan dei var der, fekk dei sonen Nabil (9). Deretter vart dei sendt til asylmottak i Etnedal i Valdres. Der budde familien på tre på eit knøttlite rom. Dei alltid blide Afaf og Saleh skrattar når dei skildrar denne opplevinga.

– Etter vel eitt år i Valdres, var det godt å få kome til Vågå, og flytte inn i eiga leilegheit, smiler dei.

Er med på alt

Og etter at dei kom til Vågå har familien dobla seg til seks. Nabil vart storebror til Naji (7), Loay (5) og Alaa (4). Og dei har stått på for å integrere seg så godt dei kan, og vorte ein familie som av mange vagværar blir omtala som «trivlege og luggume».

– Vi er konsekvent med på nesten alt som skjer her. Småbarnskafè, allidrett, fotball, handball, slalåm, svømming. Ja, alt mogleg, for å bli kjent med folk her i Vågå og omegn. Vi kan ikkje sitje heime og forvente at folk kjem til oss, seier Afaf.

Og familien meiner dette har betydd mykje for at dei nå kjenner så mange som dei gjer, og trivst så godt.

Drøymer om større hus

– Å etablere eit kontaktnettverk er og viktig for å kunne få seg jobb, legg Afaf til.

Førebels står ho utan jobb, men ho er på utkikk.

– Eg har delteke på språkkurs og språkpraksis og gått eit kokkekurs. Eg kunne tenkt meg arbeid på eit kjøken, men eg har og fått prøvd meg bak ei butikkasse og treivs godt med det. Alt mogleg er av interesse, fortel Afaf.

Saleh har i fire år vore vikar på Nortura på Otta. Der arbeider han med å skjere kjøtt, og trivst svært godt.

– Eg håpar eg kan få fast jobb der snart. Det hadde vore fint.

At Afaf får seg jobb er berre det som manglar nå, føler dei. Da kan kanskje draumen deira om større hus bli oppfylt. Ei lita leilegheit med to soverom blir trangt for ein familie på seks.

– Eit større hus med hage utanfor, så ungane får eit større og tryggare uteområde hadde vore fint, skyt Afaf inn drøymande.

Resten av familien nikkar samstemde i.

Saknar familien

Men paret frå Eritrea understrekar at det viktigaste for dei er at dei og ungane har friheit. Vel vitande om korleis resten av familien deira i Eritrea har det der. Blanke i augene fortel dei om at dei har foreldre og fem sysken med familier att i heimlandet.

– Vi saknar dei mykje, og veit dei ikkje har det godt, seier Afaf.

Ho fortel at ho har to brør med krigsskadar, og det er mykje svolt og elendigheit. Dei pratar ofte med familien på telefon, men da berre korte samtalar som i hovudsak dreier seg om å forsikre seg om dei har det bra. Grensene til Eritrea er stengde, så det er ingen av dei som nå kan kome seg ut av landet. Men Saleh har ein bror som har kome seg til Sudan, og arbeider som lærar der. I 2014 reiste familien dit på ferie i to månader, og fekk møtt familien att. Ei stor glede.

Stor festdag

Men det er Noreg og Vågå som er heimen deira nå.

– Vi var bestemte på å bli norske, og kjenner oss norske nå. Å forstå dialekt er ei utfordring, men elles går det fint med språket.

Statsborgerskapet fekk dei i juli i fjor. Men sjølve statsborgersermonien var i Fjellhallen på Gjøvik, laurdag 28. april. Ein stor festdag med god mat og musikk, i følgje familien.

-– Vi var dei einaste frå Vågå, og ordførar Iselin Vistekleiven var med, fortel Saleh.

– Og eg fekk sitje på fanget til fylkesmannen, skyt ein stolt og glad Nabil inn.

At dette var ein viktig dag for heile familien, er det ingen tvil om.