Vågå kommune har sagt opp husleigekontraktene for tre bebuarar i Moavegen bufellesskap.

Verjer, pårørande og Norsk forbund for utviklingshemma har gått sterkt imot det dei ser på som ei tvangsflytting av dei tre bebuarane i Moavegen.

Vågå kommune har stevna dei tre leigetakarane for retten.

Verjene har også klaga på saka og bede fylkesmannen vurdere det faglege i denne saka.

Fylkesmannen  har stadfesta kommunen sitt vedtak i saka for ein av personane det gjeld. Fylkesmannen slår fast at det ikkje ligg føre helse- og omsorgsfagleg dokumentasjon i saka som tilseier at flytting reint helsemessing vil vere uforsvarleg. Fylkesmannnen meiner at ei flytting ikkje vil vere uverdig.

Det var sett av to dagar til saka i Nord-Gudbrandsdal tingrett, da saka starta måndag denne veka.

Dommarfullmektig Snorre Waagsand fortel at det vart gjeve fleire vitneforklaringar i saka.

Dom i saka kjem tysdag 29. mai.