Turskiltprosjektet er eit nasjonalt skilt- og merkeprosjekt der Gjensidigestiftelsen og fylkeskommunane i fellesskap har gjeve økonomisk støtte til merking, skilting og informasjonstiltak knytta til turruter.

For å fortelje omverda om alle dei flotte turmoglegheitane som finst, inviterer dei nå til ei kåring av Noregs beste turrute. Målet med kampanjen er å synleggjera Turskiltprosjektet og alle rutene som er etablert rundt om.

Fylkeskonkurransen vil gå føre seg via ein avstemmingsportal der ein finn alle rutene som er med i konkurransen. Desse kan folk stemme på frå juni til september. I tillegg er det ein fagjury som gjev ruta poeng etter ulike kvalitetar. Fagjuryen sine stemmer tel 50 prosent.

Vinnaren frå kvart fylke går vidare til ein landsfinale i mars 2019, der landets beste turrute blir kåra.

Har du eit forslag på ei turrute som bør vera med i konkurransen, er fristen for påmelding 1. juni.