Treautovernet ved Røisheim er det einaste i sitt slag i distriktet vårt.

Andreas Sande Lien som er ansvarleg for driftskontrakt Ottadalen i Statens vegvesen, fortel at det var ynskje frå Røisheim å få eit autovern som harmoniserte med bygningane på staden.

Frå Hoftabrua og forbi Røisheim er det sett opp autovern som er kledd med tre. Ei strekning på cirka 250 meter.

- Det er fint å få noko som passar med dei gamle husa, seier Sande Lien.