Det skriv rådmannen i eit notat som fyrstkomande tysdag blir lagt fram til drøfting i formannskapet.

I notatet kjem det fram at barnehagestyrarar, kommunalsjef, teknisk sjef og rådmannen har hatt møte for å drøfte ulike alternativ for å løyse barnehagesituasjonen.

– Generelt er alle einige om at vi må unngå å opprette ein ny barnehage eller ei ny barnehageavdeling med avstand til eksisterande barnehagar. Det må leggjast stor vekt på, dersom ein skal utvide barnehagekapasiteten, at dette skjer i eller i tett tilknyting til eksisterande barnehagar, heiter det i notatet.

Rådmannen har har klåre råd til formannskapet:

– Det beste og mest påreknelege alternativet er å få på plass modulbygg ved Bismo barnehage snarast råd. Moglege løysingar på barnehagekapasiteten andre stader enn i sentrum svarar eigentleg ikkje på ynskje og behov, mellom anna frå dei aktuelle forelda. Tida går fort og det kan bli utfordrande å få på plass det som trengst før barnehagestart hausten 2018, skriv rådmannen.