– Vi er tilfredse med å ha tilsett butikksjef og butikkmedarbeidar, seier Janne Fredheim Klaesson i Skogstad Detalj AS.

Det kom inn mange søknader til stillinga som butikksjef, der dei fleste var lokale.

Tysdag vart det klart at det er Nina Skjedsvoll som er tilsett som butikksjef i den nye sportsbutikken som skal opne i kjellaren i Flækøybygget.

– Eg gler meg, men er utruleg spent. Eg trivst utruleg godt på Nille, men er klar for nye utfordringar, seier Nina Skjedsvoll.

Ho har vore butikksjef på Nille i Lom sidan 2012, og har såleis god erfaring med å drive butikk. Ho fortel at det likevel blir noko anna å drive ein klesbutikk.

– Dette blir noko heilt anna enn Nille, der eg sel alt anna enn klede. Men eg har heile tida kunne tenkt meg å jobbe i ein klesbutikk, og er utruleg glad for å ha fått denne jobben. Det er alltid spennande med nyetableringar, seier Nina, og fortel vidare at det allereie er i gang ein prosess med å tilsette ny Nille-sjef.

For utan butikksjef, skal Skogstad-butikken i Lom også ha ein butikkmedarbeidar. Liv Turtum har fått tilbod om og takka ja til denne stillinga.

Den endelege datoen for opning av Skogstad Lom er ikkje offentleg, men Klaesson fortel at det blir med det fyrste.