Nå er det innført restriksjonar på vatning

Skjåk kommune innførte vatningsrestriksjonar i Bismo frå tysdag.

Restriksjonar: Tysdag vart det innført vatningsrestriksjonar i Bismo.  Foto: Tom Erik Solstad/Illustrasjon

Nyheiter

Tysdag denne veka fekk bebuarar i Bismo melding frå Skjåk kommune om at det er innført restriksjonar på vatning.

Restriksjonane gjeld frå dags dato og fram til 31. august.

Husnummer med partal i Bismo kan nå vatne på datoar med partal, og husnummer med oddetal kan vatne på datoar med oddetal.

I meldinga frå Skjåk kommune blir det informert om at det ved brot på restriksjonane kan påleggjast eit straffegebyr på 1.000 kroner.