Hageinteressen er stor i norddalen.

Onsdag 23. mai inviterer styret i Hageselskapet Oppland alle hageinteresserte til eit møte om oppstart av eit hagelag i regionen på kommunehuset i Vågåmo.

To representantar frå Hageselskapet kjem for å fortelje om kva eit hagelag er, kva slags aktivitetar eit hagelag kan ha.

- Skal det vere eit lag lokalt i Vågå, eller felles for regionen?, er eitt av spørsmåla ein skal finne svar på denne kvelden.

I tillegg blir det eit spennande føredrag om hardføre roser ved Dag Lyngar. Han er ein av landets fremste roseekspertar og har gjeve ut fleire bøker om temaet.