600.000 kroner til istunnelen

Klimapark 2469 får over ein halv million kroner til vidareutvikling av istunnelen ved foten av Galdhøpiggen.

Pengar til istunnelen: Sparebankstiftelsen DNB har gjeve 600.000 kroner til vidareutvikling av istunnelen i Juvfonne.   Foto: Arkiv

Nyheiter

Det er Sparebankstiftelsen DNB som har tildelt Klimapark 2469 over ein halv million kroner til istunnelen.

Kvart år deler stiftinga ut mange millionar kroner til lokale prosjekt på austlandet. Istunnelen i Juvfonne ved foten av Galdhøpiggen er det einaste prosjektet i Ottadalen som har fått pengar denne gongen. I alt har 59 prosjekt i Oppland fått pengar frå stiftinga nå i mai.

Beløpet på 600.000 kroner skal brukast til å vidareutvikle den populære og unike istunnelen.

Klimapark 2469 har også fleire gongar tidlegare fått tildelt midlar frå Sparebankstiftelsen DNB.