– Dette tilbodet oppmodar eg alle som har bubil eller campingvogn til å nytte seg av. Det seier Gustav Finsrud på Lalm. Han er styremedlem i Lillehammer og omegn bubil- og caravanklubb som står bak tilbodet, i samarbeid med Statens vegvesen ved Otta trafikkstasjon.

– Kontrollen er gratis for alle, anten ein er medlem eller ikkje. Dette er eit tilbod for alle som bur i Midt- eller Nord-Gudbrandsdalen, seier han.

Finsrud fortel at det er fyrste gongen at ein slik gratis kontroll blir gjennomført på Otta.

Finsrud fortel at det blir kontroll av gass og straum på både bubilar og campingvogner. Brannsløkningsapparat og gass- og røykvarslar blir også sett på.

Bubilar er pålagt periodisk køyretøykontroll. Difor blir det ingen teknisk kontroll av desse. Men det vil bli utført teknisk kontroll på campingvogner. Dersom vegvesenet finn mangar ved desse, vil ein få mangellapp, og vogna må reparerast.