Måndag kveld var det dugnad ved Sjårdalen samfunnshus for å pynte til nasjonaldagen torsdag.

Det vart raka og sett på plass utemøblar, pussa og pynta til den store dagen.

Kvinnfolka pussa vindaugo innvendig og utvendig der dei nådde opp.

Når det vart for høgt opp til vindauga, starta Torolf Myrhaug opp traktoren og Hans Even Hagen og Jon Sætrumsmoen kleiv oppi skuffa med vassbøtte, fille og nal.

Åtte vindauge vart pussa med hjelp av traktoren denne kvelden.

- Ikkje akkurat HMS dette her, sa karane da dei kleiv ut av skuffa etter at siste vindauga var pussa.

Reiskapen er det ikkje noko å seie på. Foto: Arve Danielsen