Han fortel at han har meldt seg ut av partiet av fleire grunnar, men saka om barnehagesituasjonen – om det skulle setjast opp eit modulbygg ved Bismo barnehage eller ikkje – var dråpen som fekk begeret til å flyte over.

– I skrivet vi sende veljarane før valet hadde vi ramsa opp kva saker vi ville arbeide for. I innleiinga, som eg som ordførarkandidat hadde skrive, lova eg å arbeide for å leggje godt til rette for dei som vil flytte attende til bygda. Målet var full barnehagedekning. Eg er slik skruva saman at det eg lovar skal eg halde. Som kjent gjekk ikkje Skjåk Ap inn for modulbygget, og dermed er vi i ein situasjon som gjer det vanskeleg for innflyttarar å få barnehageplass og vanskeleg for dei som allereie bur her. Det blir òg umogleg å få sysken i same barnehage. At Skjåk Ap sa nei til modulbygget ser eg på som eit svik mot dei som stemde på oss.

Odd Joar Ramstad er bestefar til ungar som ikkje har fått plass i Bismo barnehage, men seier at det ikkje er den familiære biten som betyr mest i denne saka. Det håpar han veljarane vil tru han på.

– I valprogrammet vårt står det at vi må leggje til rette for alle, og da er det nettopp det vi må arbeide for. Dette er ei sak Skjåk kommune, etter mi meining, vil få ein økonomisk smell for. Det ville koste om lag ein million kroner å setja opp modulbygget, men det er meir som må inn i det reknestykket – som går motsett veg. For kvar nye innbyggjar til Skjåk, får vi auka overføringar frå staten. Nye innbyggjarar vil dessutan handle i butikkar og betale skatt, så her er det òg mykje på plussida i rekneskapen. Eg vil tru alle skjønar at vi berre kan gløyme å lykkast i målet om å auke folketalet dersom vi ikkje greier å tilretteleggje godt for småbarnsfamiliar, seier Ramstad, som ikkje legg skjul på at han er skuffa over eige parti.

Framover skal han sitja i formannskap og kommunestyre som uavhengig representant.

– Og eg skal sjølvsagt stå på for det eg gjekk til val på. Ikkje det motsette.