Bygdalista vurderer å stille liste

Bygdalista i Skjåk stilte ikkje liste i kommunevalet 2015, men nå er partiet på tur til å vakne opp att.

Nytt liv: Astrid Gjertsen er ein av fleire tidlegare Bygdalista-politikarar som nå vil lufte interessa for å stille liste til kommunevalet i 2019.   Foto: Arkiv/Tom Erik Solstad

Nyheiter

Måndag 28. mai blir det invitert til ope møte på Skafferiet kafè i Skjåk kjøpesenter for å diskutere saka.

– Målet for møtet er å få folk på banen, rett og slett. Vi vil gjerne få signal om innbyggjarane i Skjåk ynskjer nytt liv i Bygdalista. Folk treng ikkje vera redde for å hamne på lista, det vi vil vite er om engasjementet er der – og om det er mange nok som eventuelt vil støtte ei slik liste. Svara på desse spørsmåla vil leggje premissane for det vidare arbeidet, fortel Astrid Gjertsen.

Ho har med seg fleire tidlegare Bygdalistapolitikarar på initiativet.

– Vi meiner det er viktig å få breidde i den politiske debatten i Skjåk og dermed gje fleire ei moglegheit til å påverke. Ekstra viktig, meiner vi, er det å få unge folk på banen, seier Gjertsen.