Vi rekk tenke; Per Dagfinn Ersvik? Rochdale?

– Beste klubben i Manchester, det er liksom det andre favorittlaget mitt i England. Dei slo Charlton i siste kamp, og unngjekk nedrykk.

Liverpool

Hadde han hatt på seg Liverpool-trøye skulle vi ikkje stussa i det heile teke, for Liverpool har vore laget sidan han som niåring fekk med seg at Adressa hadde ein artikkel om at Liverpool slo Leeds 2-1 i FA Cup-finalen.

– Ian St John skåra vinnarmålet langt ut i andre ekstraomgang. Ekstra artig var det at dei slo Leeds som var laget til far min.

Elles hadde Liverpool raude, fine drakter, - og Beatles kom frå byen. Det var tøft. Det berre måtte bli Liverpool.

Vi gjer unna runda med engelsk fotball, og konstaterer at det er enkelte som har meir suksess med laget sitt enn andre.

Fyrst og fremst skal dette handle om lokalfotballen og Lom, men vi tek ein aldri så liten crossball via norsk elite. For å understreke Per Dagfinns pasjon for fotball.

– Eg var i Trondheim ein tur i går kveld for å sjå Rosenborg mot Ranheim. Bestemte meg på morgonen, fekk tak i billett og tok åt.

Vågå-Trondheim-Vågå for å sjå ein fotballkamp er ingenting.

Kvitt og blått

Vi slår ei støttepasning attende til barndomens Lom og den danske frisør Kai Larsens forsøk på å strukturere unge fotballgutar i Grov.

– Eg hugsar han bestemte at Lom måtte spela i kvitt og blått fordi det gjorde Silkeborg, så det vart slik. Seinare fann eg ut at Silkeborg aldri har hatt dei klubbfargane, så kvar han hadde det frå skjønar eg ikkje.

Kvitt og blått vart Lom, men før klubben hadde eigne drakter til utlån måtte spelarane ordne seg sjølve.

– Eg hugsar godt ein spelar som kom på kamp i nystroken kvitskjorte og blå shorts.

Per Dagfinn skrattar. Resultatet var òg latterleg. Smågutelaget tapte 0-20 mot Otta.

Gode årgangar

Det vart nokre tosifra imot dei fyrste åra, men etter kvart vaks det fram ein skikkeleg fotballkultur i Lom.

– Det vart struktur på ting og det vaks opp årgangar med gode fotballspelarar.

Så gode at Lom, sist på 1980-talet, utover -90-talet og i byrjinga av det nye århundret, rett og slett var best i Gudbrandsdalen, betre enn bylaget Lillehammer.

– Lillehammer kjem aldri til å få noko godt fotballag, slår Per Dagfinn fast.

Lom fekk eit A-lag som var gode i 4. divisjon. Dei slo lag som Stabæk og andrelaget til Rosenborg, vart kretsmeistrar, spelte godt mot Sogndal i cupen og fotballstemninga var på topp i Grov og i Lom i mange år.

Per Dagfinn hadde fleire sesongar på midtbanen og vart seinare ein kompromisslaus venstreback. Han var den sjølvskrivne kapteinen, og det var kanskje naturleg at han gjekk over i ei trenarrolle da han gav seg med sparkinga i Lom.

– I fyrste omgang vart det med 92-sesongen. Det var ikkje berre berre å gå rett over som trenar, det var nokre skjær i sjøen for å seia det slik.

Heidal trengte trenar, spelande trenar. Per Dagfinn tok utfordringa.

– Det var heller ikkje enkelt. Eg hadde stått over eit år, eg var 37 år og ting var ikkje likt seg på bana. Dette med å sjå ballbana for eksempel.

Det vart med den eine sesongen i Heidal. Turen gjekk til Vågå og to år som trenar der, før trenargjerninga i Lom tok til for fullt.

1998

Det er 1998-sesongen som står fram som tidenes beste i lomsfotballen. Året før hadde laget vorte kretsmeistrar i 4. divisjon og i 1998 kjempa dei i toppen av 3. divisjon.

– Det var eigentleg naturstridig at Lom skulle ha så gode lag over så mange år, men det var ein entusiasme og ein kultur som var bygt opp over tid.

Mundal og Solstad

Per Dagfinn nemner spesielt to som har betydd mykje for lomsfotballen,

– Tore Mundal med entusiasmen og Jan Olav Solstad med det fotballfaglege. Solstad vart faktisk dalens fyrste profesjonelle trenar - i Lom.

Han nemner òg ei mengd med spelarar som har utmerka seg opp i gjennom, spelarar som hevda seg på eliteserienivå og spelarar som nesten tok steget opp til dei større norske klubbane. Han har heller ikkje gløymt styre og stell i god-åra.

– Nils Olav Fosstuen og Jarleif Kjørren må nemnast. Med dei i støtteapparatet var det ikkje problem å få ordna nokon ting.

Mimring

I sommar skal det mimrast. Saman med Tor Arne Sandviken inviterer han til treff i Lom, og så godt som alle som var involvert i 98- og 99-sesongen kjem. Per Dagfinn har full oversikt over dei nær fire tiåra han var engasjert i lomsfotballen.

Vi lyt koma med eit attendespel og fortelja at han også har trent Sel/Otta og Vinstra.

Han har permar fulle av statistikk og referat og mengder av gode historier.

– Det var ein skikkeleg garderobekultur i godåra, med kjefting og tullprat, men med gode haldningar og innsats.

Han gler seg til å gjenoppleva «glansdagane».

Kanskje blir det ein kamp mot dagens a-lag også. Per Dagfinn er sikker på seier til old boys, det spørst berre kor lenge kampen skal vare.

Han trur ikkje Lom nokon gong vil få lag på det nivået ein var for 20 år sidan, og tek sterke ord i bruk når han karakteriserer ein del haldningar som er gjeldande i dag. Han saknar dedikasjon til det å trene og prestere.

– Skal det bli noko godt fotballag oppi her, må det samarbeidast på tvers av kommunane, men da blir det vel ein kamp om kvar ein skal spela og kva farge drakta skal ha. Likevel kan det vera ei moglegheit, ungdomane går på skule i lag og kjenner kvarandre betre enn før. Kanskje?

Sjølv har han gjort si plikt, teke sin tørn.

– Alt til si tid. Eg har frose frå meg på sidelina i Grov.

Når vi skal fotografere den lokale fotballegenden, er det klart at vi må på ei fotballbane, men ingen av oss har ball.

– Eg var best utan ball, seier Per Dagfinn Ersvik.

Per Dagfinn Ersvik har oversikt over det meste av fotballhistoria til Lom. Det kunne vorte ei bok. Foto: Hans Erik Kjosbakken