Ingen stol var ledig i Utgard denne kvelden. Vener, familie, representantar frå heile folkemusikkmiljøet, sambygdingar og publikum frå nabokommunane: Alle var der.

Knut Kjøk vart 68 år. Han vann fem landskappleikar, gav ut ei samling med om lag 1600 slåttar og var svært sentral innan feleopplæring i Gudbrandsdalen. Ikkje minst var han viktig for Lom spelmannslag gjennom 40 år, både som leiar, inspirasjonskjelde og som engasjert medlem.

Det var mange som hadde gode ord om Knut Kjøk denne kvelden. Ikkje berre var han ein framifrå folkemusikar, han var òg ein god ven, ein som sa det han meinte og ein som stilte opp for andre.

Jarnfrid Kjøk, syster til Knut, uttrykte takksemd over at Lom spel- og dansarlag hadde invitert til minnekonserten.

– Spelmannslaget betydde svært mykje for Knut. Det er godt å sjå at salen er full, og vi er heldige som får høyre så mange utuhenta gode spelemenn og utuhenta fine slåttar, sa ho.

I pausen vart den nye CD-en med Knut Kjøk lansert.