Ein knusande siger, med andre ord – og fullt fortent.

Vågå hadde betre pasningsspel, betre skot, dei var tøffare i duellane og dei var, i alle fall stort sett, mykje raskare til å springe enn lomværane. Lom framstod som litt puslete og «veike» i denne kampen, og hadde ikkje så mykje å bidra med, for å seia det litt brutalt.

Det var fleire av Vågåspelarane som teikna seg på skåringslista: Sindre Flaten (2), Brage Mediaas Andersen (2), Martin Snerle (2), Lars Øystein Kleppe (1) og Tor-Even Vågheim (1).

Kampen gjekk føre seg på Halland stadion.