Det er ikkje «kven som helst» som kjem på besøk; det er sjølvaste Vamp, eitt av landets mest populære band.

Konserten skal gå føre seg måndag kveld 23. juli, i Presthaugen.

– Det blir ein familiekonsert, med musikk, mat og drikke. Dette blir eit arrangement som alle kan vera med på, både små og store, fortel Jehans Bakke og Randi og Ola Lund.

At dei som turistvertar plutseleg skal vera konsertarrangørar, kom overraskande til og med på dei sjølve.

– Saka er den at det var Øyvind Staveland i Vamp som sjølv tok kontakt. Han fortalde at dei hadde spelt i Presthaugen før, og at dei kunne tenkje seg å gjera det ein gong til. Spørsmålet var om vi kunne ta på oss å arrangere konserten, og etter litt tenkjepause sa vi ja. Ingenting er vel betre enn å vera i Lom midt på sommaren, fyrst vera på konsert, deretter å rusle rundt i sentrum og nytte seg av ulike tilbod, om det er serveringsstader, butikkar eller anna. Vi håpar konserten vil resultere i positive ringverknader for alle, og vi håpar både innbyggjarar og tilreisande får ei triveleg oppleving, seier dei tre.

I år er det 25 år sidan Vamp kom ut med sitt fyrste album: «God morgen, søster». Den velkjende songen «Tirn’a Noir» er frå dette albumet. Bandet har hausta mykje heider og ære opp gjennom åra, blant anna fem Spelemannsprisar og Prøyseprisen.