Det er Kommunal Rapport som kvart år publiserer Kommunebarometeret (KB). KB er ei måling som rangerer kommunane etter 152 nøkkeltall, på tvers av 12 ulike sektorar.

I fylgje Kommunal Rapport er ikkje økonomitala så gode målt mot resten av landet og kommunen har ei utfrodring når det gjeld kostnadsnivået.

Administrasjonssjef Ola Helstad seier han ikkje har sett seg godt nok inn i analysen ennå, men peikar på to hovudårsaker til resultatet for Lom.

– Grunnskulepoenga (avgangskarakterane i ungdomsskulen, journ. merk.) og økonomi og kostnader er vekta høgt, seier administrasjonssjefen.

Lom kommune har høg lånegjeld, blant anna på grunn av Utgard. Her blir ein del av gjelda finansiert gjennom utleige til Oppland fylkekommune, noko det i fylgje Helstad ikkje blir teke omsyn til i Kommunebarometeret.

– Lånegjelda i Lom er høg, noko ho også er i Vågå og vil bli i Skjåk som fylgje av skuleutbygginga, seier Helstad. Vi brukar også meir ressursar i pleie og omsorg enn samanliknbare kommunar, seier han.

I Lom kommune si årsmelding, uttrykkjer Helstad uro over den økonomiske driftssituasjonen til kommunen. Her listar han opp fleire årsaker:

• Høg lånegjeld

• Avgrensa handlerom for uføresette utgifter

• Avgrensa handlingsrom for inntektsauke som fylgje av eigne vedtak

• Minkande innbyggjartal, endring i innbyggjarsamansetjinga

• Reduserte inntekter som fylgje av bortfall av busetjing av flyktningar

• Minkande overføringar frå staten m. v.

Helstad skriv vidare at naudsynte prioriteringar blir ei utfordring som folkevalde og tilsette må løyse i lag.

Leiaren i kontrollutvalet i Lom kommune, Magny Hilde, seier i ein kommentar til den økonomiske situasjonen i Lom at dei ikkje kan dirigere politikken, men sjå til at politiske vedtak blir utført.

– Kontrollutvalet har merka seg at ein del av det som vart avsett til investeringar i fjor ikkje vart brukt. Vi har også merka oss at lånegjelda er stor, men sidan resultatet for 2017 nesten er innanfor handlingsregelen kjem ikkje vi med nokre særskilte merknader, seier ho.