Fylkesvegen mellom Lalm og Sjårdalen er stengt på grunn av rasfare.

Politibetjent Roger Haugen fortel at vegen er stengt på strekninga krysset Øverbygdsvegen-Sjårdalsvegen og krysset Sjårdalsvegen-Brekkevegen.

Berre bebuarar i hus som ligg sør for den primære rassona kan køyre inn og ut av området, men berre frå Lalmssida.

11 personar er oppmoda om å flytte ut frå heimane sine i området nedanfor der det gjekk eit jordras natt til fredag.

Ordførar Iselin Vistekleiven fortel at bebuarane har fått tilbod om overnatting på Vågå hotel.

Geologar frå NGI er på veg oppover for å sjå på området i ettermiddag. Dei kjem ved 17-tida.

Også fylkesvegen på baksida mellom Lalm og Otta er stengt ved Veggum.

Når det gjeld Finna og Nugga, har vasstanden her gått ned.

Baksidevegen mellom Lalm og Otta er stengt ved Veggum. Foto: Arve Danielsen