Gardbrukarane Anne Jorunn og Trond Dalsegg har drive med sau sidan 1976, men noko tilsvarande har dei aldri opplevd.

– Og det kjem vi nok aldri til å gjera heller. Ikkje berre kom det sekslingar, men at alle er friske og ser ut til å overleva er heilt spesielt, seier dei to.

Arne Kolden, som har vore veterinær i Ottadalen ei årrekkje, har heller ikkje opplevd liknande. Sekslingar er rett og slett uhyre sjeldan.

– At dei i tillegg ser ut til å overleva, vil eg seia er eksepsjonelt. Det er ikkje sjeldan med trillingar og firlingar, og ein sjeldan gong iblant kan det koma det femlingar, men da er det gjerne slik at ein eller fleire av dei døyr. Friske sekslingar... Ja, kva skal eg seia. Kall det gjerne ein sensasjon, konkluderer Kolden.

Anne Jorunn og Trond Dalsegg syner stor omsorg for sekslingane.

– På ultralyden såg det ut til at søya skulle ha firlingar, men det tok aldri slutt. Den fyrste låg gale, men det gjekk bra. Etterpå kom dei på rekkje og rad. Da fire hadde kome ut, var eg inne med handa for å kjenne etter fleire. Jammen låg eitt til inni der. Da det femte kom, var eg inne og kjende ein gong til. Jammen låg det ikkje eitt til inni der. Eg kjende etter da det sjette hadde kome ut òg, men da var det heldigvis slutt, ler Trond, som fortel at lamma hadde ulik fødselsvekt, frå 2,5 til 4 kilo.

– Vi frykta at det minste lammet skulle stryke med, men det siste døgnet har det vorte mykje sprekare. Det vil nok overleva det òg.

At dei seks lamma ser ut til å overleva, kan nok gardbrukarparet på Strind gard ta mykje av æra for sjølve. Dei har gjeve lamma råmjølk frå flaske fem-seks gonger i døgnet.