Klokka 10.00 fredag samla ordførar Iselin Vistekleiven kriseleiinga i Vågå kommune.

Ved fire-tida natt til fredag vakna ein huseigar ved Øverbygdsvegen på Lalm av at kjellaren i huset vart fylt av vatn. Ein bekk hadde teke nytt far etter eit jordras lenger opp i lia.

Raset er femti meter breidt og 200 metar langt.

Politbetjent Roger Haugen fortel at det er ustabil grunn i området, og seks hustandar ved Drogje og nedanfor er oppfordra til å flytte ut til situasjonen er kartlagt og avklara.

Både politi og brannvesen er på staden.

Haugen seier at dei følgjer situasjonen, og vurderer også å flytta dyr frå eit fjøs i området.

Politiet oppfordrar folk om ikkje å køyre inn i området ved Øverbygdsvegen for å sjå. Vegen er forøvrig stengt for all trafikk.

Politiet vurderer også situasjonen for heile Øverbygdsvegen frå Brekka til Sjårdalen ved Granrud.

Ordførar Iselin Vistekleiven ber folk om å følgje med på kommunen si Facebook-side. Her blir ting oppdatert når dei har noko nytt.

Vågå kommune har kontakta NVE om situasjonen. NVE har gjeve NGI oppdrag om å reise til Vågå for å vurdere situasjonen og kartleggje risiko for ytterlegare jordskred. Denne kartlegginga vil starte i ettermiddag.

Simen Kleiven som er vegansvarleg i kommunen, fortel at dei har oppsyn med vegar og stikkrenner, og vil ha ekstra vakt i helga. Han ber folk om at dei snarleg tek kontakt med kommunen om dei ser noko som skjer som følgje av vatne eller ras.

I Skogbygda er Botnevegen grove over av vatnet. Finndalsvegen har rasa ut.

Baksidevegen mellom Lalm og Otta er også stengt.

Onsdag kveld vart fem husstandar i Sjårdalen veglause etter at vegvesenet grov opp ei røyr for å hindre at Sjårdalsbekken skulle grave ut fylkesvegen.

Thoralf Myrhaug fortel at dei kan køyre over eit jorde til ein nabogard, men våt mark gjer at dette er vanskeleg.

Fem husstandar i Sjårdalen er veglause. Foto: Arve Danielsen
Ingen flaum utan at Rikssenteret står under vatn. Foto: Arve Danielsen