To geologar frå NGI har fredag kveld gått over det rasfarlege området ved Øverbygdsvegen og Skårsroe på Lalm.

Ordførar Iselin Vistekleiven fortalde ved 21.30-tida fredag at geologane har konkludert med at det ikkje er fare for fleire jordras i området etter at dei har kartlagt strekninga frå Drogje til Lauvrud.

- Vi veit at dette frå tidlegare er eit utsett område og det er viktig å få beskjed frå geologar om at det er trygt, sa ei letta Iselin Vistekleiven.

Ho fortel at grunneigar har gjort tiltak i området som jordraset gjekk natt til fredag.

Friskmeldinga av området gjer at bebuarane får flytte heim att. Totalt 11 personar vart tidlegare fredag oppmoda om å flytte heimafrå.

Øverbygdsvegen vart stengt tidleg fredag, og på ettermiddagen vart fylkesvegen til Sjårdalen stengt for trafikk nedanfor det rasutsette området.

Vegane er nå opna att for fri ferdsel.

Ordførar Iselin Vistekleiven er letta over at rasfaren er over på Lalm. Her saman med politibetjent Roger Haugen, frå tidlegare på dagen fredag. Foto: Arve Danielsen