Dagens løysing har fleire utfordringar. Alleen er trong i høgsesongen når det står bilar parkert på båe sider, benkar er plassert ut og trea har fått blad. Tilgangen til straum er dårleg og det er heller ingen krav når det gjeld korleis ei salsbod skal sjå ut.

Nå skal vedtektene reviderast, og det skal arbeidast for å finne ny plassering til torghandelen i Lom.

– Kortsida framfor Loar, mot riksvegen, blir vurdert som eit mogleg alternativ. Det blir arbeidd med å utvikle torgboder for Lom. Desse skal kunne låsast, stå relativt permanent på ein plass og vera til utleige etter visse kriterium. Torghandel utover dette vil ikkje bli akseptert på kommunal grunn, men det kan vera aktuelt med unnatak for særlege føremål, til dømes profilering av politiske parti eller elevbedrifter, heiter det i eit notat som tysdag vart lagt fram for formannskapet.

Det blir nå sett ned ei arbeidsgruppe for å arbeide vidare med saka. Målet er å ha konkludert i saka innan sommarsesongen 2019.