Administrasjonssjef Ola Helstad orienterte tysdag formannskapet i Lom om at det blir arbeidd for felles landbrukskontor mellom Lom og Skjåk, blant anna fordi jordbrukssjefen i Lom har varsla oppseiing.

– Det kjem forslag om at Skjåk blir vertskommune. Det er fordi dei har leiarar og kompetanse i eigen organisasjon, som vi sjølve ikkje har per i dag. Det er eit krav at stillinga som jordbrukssjef for felles landbrukskontor i Lom og Skjåk blir utlyst, sa Helstad.

Saka skal, etter planen, bli lagt fram til behandling i kommunestyret i løpet av juni.