Filminnspeling:

Breidalen periodevis stengt

Torsdag ettermiddag og kveld vil riksveg 15 vera delvis stengt gjennom Breidalen.

Delvis stengt og dirigert: Riksveg 15 er torsdag åstad for filminnspeling.  Foto: Hans Erik Kjosbakken

Nyheiter

Filmselskapet Totjueto film er torsdag ettermiddag og kveld i gang med innspeling av ein film.

Riksveg 15 gjennom Breidalen vil av den grunn vera delvis stengt og trafikken vil bli dirigert mellom opptak og opptaksstadene på fjellet.

Det ryktast at det er en ny Børning-film som er på gang.

Vegen gjennom Breidalen gjev spektakulære omgjevnader for ein bilfilm av denne typen.