Otta-elva har stige med halvannan meter

Den kraftige snøsmeltinga dei siste dagane har gjort at Otta-elva sidan sundag har stige med halvannan meter ved målestasjon på Lalm.

Lalmsvatnet: Otta-elva har stige med 1 meter og 53 centimeter ved Lalm målestasjon frå sundag til onsdag morgon.  Foto: Arve Danielse

Nyheiter

- Nå er vårflaumen på Austlandet i gang, seier vakthavande hydrolog i NVE, Per Alve Glad i ei pressemelding.

Det er venta at temperaturane skal halde seg høge i mange dagar framover. Torsdag og fredag er det venta regn, noko som vil bidra til auka vassføring i bekker og elver.

NVE har varsla flaum på oransje nivå.

Flaumvarsla blir oppdatert på varsom.no to gonger om dagen, og flaumfaren blir vurdert for tre dagar fram i tid.

Statistikk av vasstandar i Otta-elva frå Glommens og Laagens Brukseierforening viser at Lalmsvatnet frå sundag til onsdag morgon har stige med 1,53 meter.

Vasstanden ved Lalm målestasjon var onsdag 355,56 meter over havet. Normalt for årstida er 354,15 meter.

Bøvra ved Akslen hadde i perioden frå sundag til onsdag stige med 90 centimeter. Ved Ofossen har Otta stige med 79 centimeter. 

Du kan følgje med vasstandane i Otta og Lågen på glb.no.