Det lokale firmaet Brun Bygg AS vann tilbodskonkurransen om å bygge lagerbygg på Gjendeosen og sørvisanlegg ved den nye parkeringa på Reinsvangen. Firmaet fekk også det fyrste oppdraget med å bygge ny brygge for Gjendebåten. Kaianlegget skal stå klart til denne sesongen.

– Vi er godt nøgde med å få på plass ein ny avtale med Brun Bygg, og ser fram til vidare samarbeid. Brun Bygg leverte eit bra tilbod og kan vise til gjennomgåande høg kvalitet på arbeidet dei har gjort med brygga. Vi er svært glade for å inngå kontrakt med ein lokal entreprenør, og på denne måten halde fram med å bidra til lokal verdiskaping, seier Grete Kongshaug i Statens vegvesen, som er plan- og prosessleiar for utbygginga av Gjende.

Gjendeosen skal gjennom arbeidet med Nasjonale turistvegar rustast opp og vidareutviklast som ein nasjonal turistattraksjon.

Gjendebåten får ny brygge og lager, og parkeringa på Gjendeosen blir flytta til utvida parkeringsplass med toalett på Reinsvangen.

Målet er at heile anlegget skal stå ferdig i 2023.

Heile anlegget skal etter planen stå ferdig i 2023. Foto: Arve Danielsen/ Arkiv