Mange lokale aktørar har delteke på årets Storefjelltreff på Golsfjellet i helga, både grupper og enkeltdeltakarar.

Som vanleg var det mykje folk, og det er rapportert om at det var god stemning frå torsdag til sundag. Storefjelltreffen er ein populær treff for gamaldansinteresserte frå mange kantar av landet.

Under den årlege treffen blir det konkurrert i både orkesterspel og solospel, og det var mange gode prestasjonar og høgt nivå i alle dei ulike klassene. Ottadølane gjorde det svært godt og syrgde for heile fire fyrsteplassar under treffen, og mange gode plasseringar elles i fleire av klassene.

To av dei tilfredse vinnarane var dei unge lomværane Erik Grøna og Even Offerdal Bakken. Fyrstnemnde vann klassa solist rekrutt, medan Offerdal Bakken vann klassa solist junior.

I orkesterklassa var det gruppa «Dølalæte» som gjorde det aller best, medan Øyvind Sandum tok fyrsteplassen i klassa solist senior.