Korleis formidle litteratur, leselyst og skriveglede for barn og unge?

Det vil ein få svar på om ein deltek under årets Diktardagar i Skjåk, Lom og Vågå, som blir arrangert frå 30. august til 2. september. Mykje skal skje i kommunane desse dagane.

Tysdag vart Diktardagar-programmet lansert, og Magnhild Bruheim som er leiar for programnemnda i år, er nøgd med årets program.

Hovudtema for Diktardagar 2018 er barne- og ungdomslitteratur. Éin av dei mest prislønna barnebokforfattarane i dag er Maria Parr, og ho kjem for å delta både på seminaret og på andre arrangement.

Sidan det i 2018 er 200-årsjubileum for Aasmund Olavsson Vinje, vil også dette bli markert under Diktardagar, mellom anna med ei vandring i fotspora til Vinje i Vågå torsdagskvelden. For utan vandring, blir det Vinje-kveld i Marlo grendehus fredagskvelden. Her vil det mellom anna bli konsert med artisten Aasmund Nordstoga.

Torsdag og fredag besøker barnebokforfattar Arnfinn Kolerud skuleklasser i Vågå, Lom og Skjåk. Fredag på dagtid blir det dessutan arrangert kurs i kreativ skriving i Utgard.

– Dette blir eit miniseminar for ungdomsskuleelevar i Ottadalen, fortel Magnhild Bruheim og Torunn Kjøk.

Fredag blir det også lansering av Jan-Magnus Bruheim-boka «Barnedikt i utval» på nyskulen i Bismo. Endre Skjåk og Lars Bakke står for programmet her.

Fredag kveld blir det «Diktardagarmiddag» på Fossheim, og pubkveld med Aasmund Nordstoga på BrimiBue.

Laurdag blir det som vanleg seminar gjennom heile dagen, i år med barne- og ungdomslitteratur som tema. Forfattarar og andre deltek her.

Andre programpostar under årets Diktardagar er forfattarmøte med Cecilie Enger, Tor Jonsson-foredrag med Ottar Grepstad om Vinje og Jonsson, festkveld i Utgard, bokbad, og markering av den lokale barnebokforfattaren Tea Kummen som ville fylt 125 år i år.

– Det har vorte laga eit godt og variert program, og eg meiner det bør vera spesielt interessant, og mykje å hente, særleg for tilsette i skular, barnehagar og bibliotek. Dette blir utruleg matnyttig, seier Torunn Kjøk.

Dette er trettande gong Diktardagar blir arrangert. Bak arrangementet står dei fem organisasjonane Mållaget Ivar Kleiven, Knut Hamsun-laget i Lom, Tor Jonsson-laget, Stiftinga Solrenning og Jan-Magnus Bruheim vennelag.