Lag frå mellom- og ungdomssteg i Ottadalen stilte ivrige opp, og med nær fullsette tribunar vart det intens stemning på stadion.

Laga sprang innleiingsvis etappar i sine respektive klasser. Til slutt møttest klassevinnarane til ein finale der Vågåmo hadde leiinga frå start til mål.

Etter at Loar skule har hatt for vane å vinne prisen som beste publikum, var det endeleg Marlo skule sin tur til å «ta pokalen». Det var ingen tvil om at denne siste stafetten som eigen skule, skulle vinnast - iallfall på tribunen.