Statens vegvesen opnar vegen mellom Geiranger og Langvatn for trafikk etter vinteren onsdag 9. mai klokka 15. Det er den nest tidligaste opninga dei siste 10 åra.

- Det har eigentleg vore ein vinter der hard og tung snø har gjeve oss utfordringar med fresinga. Men vi fekk god hjelp av mildvêret i april og gode vêrutsikter gjer at vi kan opne fjellet tidleg i år, fortel byggeleiar Kåre Berge i Statens vegvesen.

Det er fortsatt tidleg vår og vegen ligg på over 1.000 meter på det høgste. Det kan fortsatt koma snø og kulde og vegen vil bli stengt på kort varsel om det ikkje er farbart for køyretøy på sommardekk. Trafikantane må difor halde seg oppdatert på trafikkmeldingane på 175.no.

Opningstidspunkt for fv. 63 Geiranger - Langvatn:

ÅrOpna
200722. mai
20086. juni
200920. mai
201019. mai
201113. mai
201231. mai
201314. mai
20147. mai
201513. mai
201623. mai
201726. mai