«Der går en av bondegårdene fra Gudbrandsdalen til Sørisen igjen», var overskrifta i Tønsberg Blad som skildra ein kvalbåt på veg ut.

Så mange som 250 menn frå dalen var på kvalfangst frå tidleg på 1900-talet og til «eventyret» var over i 1968.

Gudbrandsdølane var verdsette som arbeidarar på kvalbåtane og kokeria.

Onsdag 9. mai inviterer Vågå historielag i samarbeid med Gudbrandsdalsmusea til kveldsseto på Lalm samfunnshus.

Av dei sju frå Lalm som reiste på kvalfangst fyrst på 1960-talet, er det to som framleis lever.

Lars Kleiven og Tor Ulsletten vil fortelje om opplevingane sine som kvalfangarar ved Sør-Georgia. Om arbeidet og livet ombord som «jollegut» og som byssegut.

Den 6. mai er det 50 år sidan siste kvalbåten kom heim.