I Skjåk vart frigjeringsdagen markert med ei fin minnemarkering ved Nordberg kyrkje.

– Det er all grunn til å bli minna om kvifor vi markerer 8. mai. Det er ikkje gjeve at ein kan bu i eit fritt land. Vi er blant dei heldige som bur på ein fredeleg flekk på kloden, fjernt frå krig og elende. Dessverre er det ikkje alle som har det slik, sa ordførar Elias Sperstad, som syrgde for ei fin markering ved bautaen som er reist som eit minne over to skjåkværar som mista livet under krigen. Båe var sjømenn.

– Gudmund Bøyeeie var mannskap på krigsskipet «Svenner». Han var blant dei som omkom da båten vart treft av ein torpedeo. Saras Partapouli var mannskap på tankbåten «Kongsgård». Båten vart torpedert, og Partapouli var blant dei omkomne. Denne kransen symboliserer vår takk til dei som ofra seg for landet under 2. verdskrig, sa ordføraren.

Seinare i kveld, tysdag, skal det vera fredskonsert i Nordberg kyrkje, med Anne Persdotter Flugstad, Pål Svindland, barnesonggruppa i Skjåk og Skjåk songlag.

Arrangementet er eit samarbeid mellom Skjåk kyrkjelege fellesråd og Skjåk kommune.