12. juli starter årets sommersatsing frå NRK; Monsen minutt for minutt. Lars Monsen er programleder og tema er fjellvandring. Lars Monsen skal i løpet av fire veker gå i fire ulike fjellområde.

Det blir daglege livesendingar og sommaropen-sendingar på kvelden.

Å gjere fjellheimen om til eit vandrende TV-studio er ei krevjande øving. Fire veker med direktesendingar frå fjellet krev sitt av både utstyr og logistikk. NRK samarbeider med DNT om den praktiske gjennomføringa -  og nå etterlyser dei 400 sterke kvinner og menn som kan hjelpe til med å frakte utstyr undervegs.

- Dugnad er ryggraden i DNT, og nå treng vi verkeleg dugnadsånda. Vi er på jakt etter 400 friviljuge som kan bere, rydde, rigge og bidra med både lokalkunnskap og turkunnskap. DNT skal bidra til at turane blir gjennomført på naturens premissar, seier generalsekretær i DNT, Nils Øveraas i ei pressemelding.

Generalsekretæren seier dei fyrst og fremst treng hjelp til bering av utstyr og rydding av teltleirar undervegs, før og etter turen. Folk må rekne med å bere rundt 8 kilo ekstra, i tillegg til eiga utstyr som telt, mat og sovepose.

- I tillegg treng vi folk med god lokalkunnskap og gode historiar, førstehjelpskunnskap og turkokkar, seier Øveraas.

Lars Monsen skal i sommar gå på Hardangervidda, Jotunheimen, Vesterålen og Indre Troms.

DNT har i dag gjort kjent rutene Monsen skal gå i sommar.

I Jotunheimen startar turen frå Bøverton i Lom den 18. juli. Fyrste etappe går til Sognefjellshytta. Dag to går vidare til Fanaråkhytta, dag tre vidare til Skogadalsbøen, dag fire til Fleskedalen og til Vetti gard. I tilfelle dårleg vêr vil ein gå frå Sognefjellshytta til Skogadalsbøen som ein plan B.

Les meir om ruta her.

Dei som bur i nærleiken eller drøymer om å oppleve eit tureventyr saman med Lars Monsen, har sjansen i sommar.