– Det blir ein stor dag i Lom denne laurdagen i juni, seier Aslak Brimi.

Han har fått det ærefulle oppdraget med å komponere tingingsverket «Bergtatt» i samband med opninga av utstillinga med same namn på Norsk Fjellsenter - fjellmuseet.

Suite i seks satsar

Med utstillinga «Bergtatt» som opnar denne dagen, kan publikum få oppleve høgdepunkta i fjellhistoria på eitt fat.

Om fjellpionerar og fonnefunn, fjellvikingen sitt sverd, friluftslivet frå Slingsby til selfiestong, fangst og ferdsel, myter og fjelleventyr.

Alle desse inntrykka har Aslak Brimi sett ned på notearket til ei suite i seks satsar.

– Menneska og bruken av fjellet har inspirert meg, seier Aslak Brimi.

På tre av satsane skal Brimi vere solist sjølv, saman med ein strykekvintett frå Sinfonietta Innlandet. Mari Midtli skal vere solist på tre satsar, der tekstene tek utgangspunkt i dikt av Olav Aukrust.

Blant musikarane i strykekvintetten blir Bjørn Kåre Odde frå Garmo å høyre på andrefiolin.

– Det er stort for meg å bli spurt om å komponere tingingsverket til opninga av utstillinga, seier Aslak Brimi.

Festførestilling

Det er klima- og miljøminister Ola Elvestuen og fylkesordførar Even Aleksander Hagen som skal stå for den offisielle opninga av utstillinga.

Om kvelden er det festførestelling med musikarar og artistar frå heile Oppland.

Aslak Brimi er kunstnarisk ansvarleg for førestellinga.

Dei som deltek er Symfoniorkesteret Sinfoniettea Innlandet, Ragnhild Hemsing og Hallgrim Hansegaard, Bjørn Kåre Odde, Mari Midtli, Reidar Svare, Astrid Sulheim med fleire.

Aslak Brimi fortel at stykke av Edvard Grieg er sjølvsagte under konserten, med blant anna Gjendines bånlåt. Det er i år 175 år sidan Grieg vart fødd.

Konserten vil også markere 200 årsjubileet til Vinje der Reidar Svare vil syngje «Ved Rondane» saman med orkesteret.

– Vi har også fått arrangert «Jotunheimvisa» for orkester, seier Aslak Brimi.