Saka gjeld eit renoverings- og ombyggingsprosjekt på Skjåkheimen, der Per Hagen AS fekk tildelt kontrakt.

Klagenemnda for offentlege anskaffingar (KOFA) har tidlegare denne månaden konkludert med at Skjåk kommune har brote forskrifta om offentlege anskaffingar ved å ikkje ha avvist Per Hagen AS i anbodskonkurransen. Rørlegger-Service AS, som var innstilt som nummer to i konkurransen, ville ha vunne konkurransen dersom Per Hagen AS hadde vorte avvist.

I eit brev frå advokatfirmaet Berngaard/Sandbek, som representerer Rørlegger-Service AS, kjem det fram at KOFA meiner feilen inneber ei forskjellsbehandling.

– Valde leverandør tilfredsstilte ikkje kvalifikasjonskrava på tilbodstidspunktet. Kommunen tillot at leverandøren i ettertid knytte til seg ein underleverandør for å tilfredsstille kvalifikasjonskravet om teknisk godkjenning, noko det etter anskaffingsregelverket ikkje er adgang til, skriv advokatfirmaet – og konkluderer med at denne feilen fekk som konsekvens at Per Hagen AS fekk kontrakta i staden for Rørlegger-Service AS.

Rørlegger-Service AS meiner dei har krav på erstatning for den positive kontraktsinteressen, det vil seia tapt forteneste.

– Ved fastsetting av fortenestetapet skal det takast utgangspunkt i tilbodssummen og gjerast frådrag frå alle utgifter leverandøren ville ha hatt ved gjennomføringa av kontrakta. Rørlegger-Service AS har kalkulert fortenestetapet til 328.000 kroner. I tillegg kjem renter fram til betaling skjer, heiter det i brevet.

Rørlegger-Service AS ber Skjåk kommune om å betale beløpet innan 14 dagar.

– Dersom betaling ikkje er motteke innan fristen, er dette brevet å sjå som eit søksmålsvarsel etter tvistelova, avsluttar advokatfirmaet Berngaard/Sandbek.

Rådmann Svein Holen i Skjåk kommune seier han tek til etterretning både vurderinga og avgjerda KOFA har gjort i denne saka.

– Når det gjeld innkjøp og anbodskonkurranser har Skjåk kommune, og dei andre kommunane i Nord-Gudbrandsdalen, juridisk støtte frå eit firma som heiter Odin Prosjekt. Det har vi òg hatt i denne saka. Dei har gjeve oss råd, og vi har handtert saka deretter. Før eg kan seia kva vi vil gjera med dette, avventar vi ei attendemelding frå Odin Prosjekt. Vi har sendt saka til juridisk vurdering hjå dei, og så får vi ta det derifrå, seier rådmann Holen.

– Kan det vera aktuelt å be Odin Prosjekt om å ta denne rekninga – ettersom det er deira råd som ligg til grunn for situasjonen Skjåk kommune nå er i?

– Det vil eg ikkje kommentere, svarar Holen.