Beskriv deg sjølv med tre ord?

– Omsorgsfull, bestemt og snill.

Kvifor vart du russepresident?

– Når klassa skulle bestemme det, så sa eg at eg kunne gjerne vera president. Eg er ikkje redd for å si det eg meiner, og heller ikkje for å si i frå når det er noko som ikkje er greitt. Dessutan er eg flink til å mase på folk når noko skulle vore gjort. Faktisk var det ingen andre enn meg som ville vera president.

Kva blir det beste med russetida?

– Samhaldet, og å ha det artig i lag den siste tida vi går saman på skulen. Ikkje nødvendigvis det å drikke seg full, men å ha det artig saman. Vi skal jo spreiast til alle kantar og reise frå kvarandre i sommar.

Kva blir det verste med russetida?

– Skulearbeid. Også er eg spent på om vi får mange klagar, for da er det eg som må ta det, sidan eg er president. Men det er ein grei gjeng eg har med å gjera, og vi er ikkje ute etter å lage noko bråk, så eg trur det skal gå fint.

Kor stort er årets russekull?

– Vi er 30 russ. Og berre 6 gutar. Men vi legg godt merke til gutane sjølv om dei ikkje er mange.

Status for russeavisa?

– Eg trur det går bra. Eg har ikkje heilt oversikt, for eg er ikkje særleg involvert der. Vi har ein eigen redaksjon som jobbar med russeavisa, og eg trur dei fleste artiklane er ferdige. Så russeavis blir det sjølvsagt.

Status for årets russekrav?

– Vi er godt i gang med krava. Vi har 105 russeknutar i år. Vi har sett gjennom gamle russeaviser og henta noko frå der. Eg tykkjer vi har mange artige russeknutar i år.

Kva vil du bli?

– Til hausten skal eg byrje på sjukepleiarstudie på Gjøvik. Der skal eg gå i tre år, og tek sikte på å bli sjukepleiar. Helst ynskjer eg å vera sjukepleiar på eit sjukehus, så eg har vel eit håp om å få ein jobb på sjukehuset på Lillehammer når eg er ferdig utdanna.

Korleis er det å vere sjef for russen?

– Det er fint. Er det noko medelevane er ueinige i så får eg høyre det. Da finn vi ei løysing og blir einige.

Korleis vil du oppsummere årets russerevy?

– Knallbra! Eg er så tilfreds. Vi har fått berre positive attendemeldingar på revyen vår. Det vart ein variert revy med både humor og alvor. Men det var mykje arbeid. Vi starta i september og hadde samling kvar veke fram mot jul. Frå februar vart det to samlingar i veka, og på slutten kvar dag. Vi hadde fem framsyningar, og nesten alle var fullsette. Det var berre på premieren det ikkje var fullt. Eg ser at vi som klasse har vorte meir spleisa og tryggare på kvarandre etter å ha jobba med revyen. Dessutan er det mange som har vist fram nye sider ved seg sjølv.

Kva er di oppgåve som russepresident?

– Å syrgje for at alle skal vera tilfredse, og formidle ting vidare om det er noko russen er misnøgd med, uansett kva det måtte vera.

Blir du fort sint?

– Eg vil ikkje si eg blir fort sint, men eg blir fort irritert. At folk er spydige og frekke likar eg ikkje. Da seier eg i frå.

Kva skal til for å gjere deg glad?

– Det er ikkje så mykje. Eg er slik at eg blir fort irritert, men fort blid att. Eg er enkel å gjera glad.

Korleis er årets russekull?

– Som personar er vi utruleg ulike, men vi er alle hardtarbeidande innan skulearbeid. Alle i klassa har gode karakterar. Eg vil også si at vi er ei artig klase. Og sidan vi er så ulike som vi er, blir det ekstra mykje artig.

Kor mange russekrav har du gjort til nå?

– Eg har teke 7-8 knutar. Vi har 105 og eg skal gjera flest mogleg av dei. Til nå har eg mellom anna hatt ei heil pakke med «Hubba Bubba» i munnen ein heil skuletime. Det var ikkje behageleg. Eg har også kjøpt ei pakke med kondom ved hjelp av berre kroppsspråk. Det var på Esso.

Kva er det «sprøaste» russekravet i år?

– Å ha sex i eit tre! Kravet om at seks russ skal fylgje etter ein person i ti minutt og synge «Dei små dvergars song» er òg ganske sprøtt.

Trur du at de kjem til å nedprioritere skulearbeid i russetida?

– Somme vil nok gjere det, ja, men ikkje alle. Sjølv har eg gjort frå meg ganske mykje av skulearbeidet, så eg har eigentleg ikkje så mykje å gjere av slik i russetida. Leksene kjem eg nok til å gjera på skulen, for vi har ein del fritimar.

Når er det eksamen?

– Den 22. og 23. mai. Vi er heldige i år som har langhelg etter russetida, sidan pinsehelga kjem da. Da får vi kome oss att til eksamen.

Dersom du vann ein million kroner. Kva skulle du bruke pengane på?

– Da skulle eg kjøpt meg ny bil. Også ville eg spara litt, og gjeve noko av pengane til Kreftforeningen, som eg tykkjer er ei viktig sak.

Kva er målet med russetida?

– Å ha det artig i lag og nyte den siste tida, og å feire at ein er ferdig med 13 års skulegang.

Kva forventar du å sitje att med etter russetida?

– Mange artige minne som eg kan sjå attende på i lang tid. Og eit godt venskap.

Korleis blir 17. mai, trur du?

– Ein hard dag. Vi er så heldige at vi får frukost på Sentral’n i Kafé og isbar i Lom. Så det blir nok ein god start på dagen. Elles skal vi delta i tog, selje russeaviser og prate med folk.

Noko du har lyst til å seie på tampen?

– Eg håpar alle i klassa skal få ei artig russetid, og at vi skal få det artig saman.