I helga var meir enn 4.000 russ samla på Birkebeiner-stadion i Lillehammer. Mellom dei var også russen frå vidaregåande i Lom.

270 friviljuge og profesjonelle vaktar såg til at russen hadde det bra under arrangementet.

– Så mange trygge, gode vaksne personar som bryr seg, saman med gode tryggleiksløysingar og godt opplyst arrangementsområde gjorde at vi har svært få uynskte hendingar etter helga. Viktigst av alt var alle dei blide og trivelege ungdomane som gjorde arrangementet til ei fin oppleving, heiter det i ei pressemelding frå politiet.

– Vi kan gledeleg opplyse at det ikkje er innrapportert alvorlege skadar etter helga, seier driftseiningsleiar Terje Korgstad i politiet.