Planane om ei gangbru over Sjoa ved Gjendeosen har vore eit stridstema lokalt.

Nå vil Statens vegvesen endre reguleringsplanen for Gjendeosen/Reinsvangen og sjå på ei anna plassering av gangbru over Sjoa.

- Føremålet med endringa er i hovudsak å leggje til rette for ei anna gangbruplassering over Sjoa, samt oppdatere planen i høve til løysingar for vatn og avlaup og føresegnene knytt til framtidig sørvisbygg, seier Grete Kongshaug, plan- og prosessleiar for utbygginga ved Gjendeosen/Reinsvangen.

Reguleringsplanen vart vedteken av Vågå kommunestyre i oktober 2012. Sidan den gong har fleire føresetnader endra seg.

Kongshaug seier at det er høge kostnader forbunde med å byggje ei gangbru der elva er breiast. I tillegg er det mange miljøomsyn som må handterast i området der brua var tenkt plassert. Statens vegvesen vil difor vurdere andre bruløysingar.

- Ved å ta ei oppdatering av planen unngår vi å måtte søkje om mange dispensasjonar seinare. Vi er også klar over at bruplasseringa lokalt har vore eit stridstema og vi trur difor det blir godt motteke at vi nå går inn for å endre dette, seier Kongshaug.

Det var i si tid vurdert fleire alternative plasseringar av ei gangbru over Sjoa, blant anna like ovanfor fossen.

Grete Kongshaug seier at ei plassering av gangbru ikkje er bestemt enda, men at alternativet ovafor fossen er noko som vil bli vurdert. Ho seier dei vil sjå lenger nedover langs Sjoa frå Gjendesheim, der elva er smalare og det vil bli stuttare og rimelegare å byggje bru.

Vågå kommune er orientert om arbeidet og har bede om varsling for oppstart av planarbeidet og dei formåla som skal endrast. Reguleringsplanen blir sendt på høyring.