Den fyrste runden med tømming av kassene med deltakarkort rundt om er unnagjort, og vi har fått inn mange kilo med kort frå folk som har handla lokalt. Blant eit tusentals deltakarkort er det nå trekt ein månadsvinnar som får eit gåvekort på 1.500 kroner frå Coop Ottadalen.

Vinnaren av gåvekortet for april vart Evy Vang i Skjåk, som handla lokalt på Coop Prix Skeimo.

– Dette var artig. Eg har fylt ut og levert berre éin kupong, så eg hadde ikkje trua på at eg skulle vinne, seier Evy.

Ho handlar lokalt.

– Ein må handle lokalt om butikkane våre skal bestå, seier ein glad månadsvinnar.

Kvar månad ut året blir kassene med deltakarkort rundt om i Ottadalen tømt, og det blir trekt ut ein vinnar av eit gåvekort. Det blir også trekt ekstrapremiar. Mari Mona Rindhølen frå Vågå er trekt ut som vinnar av ein gassgrill, levert av Coop Byggmix Vågå.

Alle deltakarkorta som kjem inn blir lagra fram til desember. Da blir hovudpremien trekt: Bruk av ein Citröen C3 Aircross i eitt år, inkludert forsikring. Bilen er levert av Skogen Bil.

«E handla lokalt» er ein kampanje som vart drege i gang av Fjuken, og er eit dugnadsprosjekt for å setja fokus på bruk av lokalt næringsliv og kva for ressursar som finst i nærmiljøet og i bygdene våre. Når du handlar lokalt får du eit deltakarkort som du kan fylle ut og leggje i kassene ein finn rundt om i Ottadalen.