Lalm med rekord i Holmenkollstafetten

Løparane frå Lalm «persa» i Oslo

Rekord: Laget til Lalm sette ny klubbrekord.  Foto: Lalm IL

Pål og Oddbjørn: Pål Bakken Bråten møtte skihelten Oddjørn Hjelmeseth.  Foto: Privat

Nyheiter

Lalm idrettslag var eitt av mange lag som stilte til start i våren vakraste eventyr, Holmenkollstafetten, laurdag.

I år sette laget ny rekord, og vart nummer 29 av 37 i klasse F2 (klassa under eliten).

Lalm sette ny klubbrekord med tida 1.01.40, berre 9 sekund bak Lillehammer sitt lag i klassa. Det vart sett bestenoteringar på fem etappar.

På laget sprang: Endre Blekastad, Gulleik Riksaasen, Tom Morten Løkken, Magne Svare, Iver Kleiven, Vegard Galaaen, Steinar Riksaasen, Ståle Skogen, Imbert Kleiven, Bjørn Riksaasen, Erlend Turtum, Torstein Øygarden, Estin Kleiven, Awet og Pål Bakke Bråten, som også i år hadde ankeretappen inn på Bislet.